Tlf. 920 29 817 post@stettefriskule.no

Velkomen til

Stette Montessoriskule

Ein privatskule i Stettebygda der barna lærer i eige tempo, utviklar sjølvstende og får vekse ut frå eigne føresetnader.

Stette Montessoriskule

Litt om oss

Stette Montessoriskule vart etablert i 2016 og er ein privatskule lokalisert i Stettebygda i Ålesund kommune. Skulen har elevar frå 1.-7. trinn, samt SFO-tilbod.

På skulen vår er det Maria Montessori sin pedagogikk om læring og utvikling som er i fokus. Montessoripedagogikken har som mål at barna skal få utvikle seg i sitt eige tempo og kunne vekse ut i frå eigne føresetnader.

60
elevar
14
tilsette
2016
etablert

Montessoripedagogikk

Montessoripedagogikken er svært utbreitt og er i dag den største pedagogiske retninga i verda.

«Å hjelpe livet til å utvikle seg sjølv. Dette er den grunnleggjande oppgåva til ein oppdragar.» — Maria Montessori

Fridom under ansvar

Eleven får fridom til sjølv å velje arbeidsoppgåver innanfor klare rammer.

Eige tempo

Barnet lærer i sitt eige tempo og utviklar seg ut frå eigne føresetnader.

Tilrettelagt miljø

Klasserommet er tilpassa behovet til barnet på dei ulike alderstrinna.

Praktisk informasjon

Alt du treng å vite om skulen vår

Opningstider

Skulen er open frå 07.15 til 16.45 på alle kvardagar. SFO-tilbod for 1.-4. trinn før og etter skuletid.

Les meir →

Skulepengar

Kr 500,- pr. månad i 11 månader. Inkluderer frukt, mjølk og fellesmåltid. Søskenmoderasjon gjeld.

Sjå prisar →

Arbeidsdagen

Arbeidsdagen er delt i to arbeidsøkter med lunsj og friminutt i midten. Fredagar sluttar vi kl. 13.00.

Les meir →

Søk om skuleplass

Søknadsfrist for skuleåret 2026/2027 er 1. februar 2026. Skulen er godkjent for 70 elevar.

Send søknad →